top of page

Smaking og drop-in

Me har eit variert utval av sider og juice tilgjengeleg for smaking i vårt siderlokale. Somarsesongen (medio mai-slutten av august) er me ope for drop-in sidersmaking mellom 10-18. Me tilbyr siderplanke og enkelt glas.

Me ser fram til å ynskje dykk velkomne til smaking, der dykk kan oppleve den unike smaken av våre kvalitetsprodukt og bli kjend med historia og lidenskapen bak Lofthus sideri.

innekomp.jpg

Foto: Ivar T. Eidnes

Utsal / butikk

Lofthus sideri har utsalg av sider og juice langs Dronningstien. Eit par kjøleskap ved enden av Dronningstien gjer opplevinga euforisk etter ein lang fjelltur. Sideriet har i tillegg eit siderlokale for sal og smaking for større grupper.

I ei gamal grindaløe frå 1800-talet på Eidnes, har Lofthus sideri skapt eit fantastisk lokale med ein atmosfære perfekt til å nyte eit friskt glas i godt lag. Nyt utsikta ut over fruktbygda Lofthus, eller mot Folgefonna og fossefallet Skrikjo. Her kan de verkeleg finne ro og den gode atmosfæren, kanskje etter ein lang fjelltur, eller i eit godt lag. Vårt lokale skapar den gode stemninga! Velkommen!

Me har kapasitet til sidersmaking for grupper opp mot 45 personar, og kan tilby i tillegg til smaking, (sider og juice) omvisning i frukthagen, videovisning av produksjon, og enkel fingermat frå vårt kjøkken.

 

For prisar og betalingsløysing på utsalsstad, trykk på knappen under.
(Dette er ikkje ein nettbutikk)

Slik starta det heile, med eit kjøleskap i enden av Dronningstien.

begynnelsenkomp.jpg

Gardsutsalet er i somarsesongen ope
måndag til fredag 09.00 til 20.00 og
laurdag 09.00 til 18.00.

 

Utanom sesongen kan det vera lurt å ringja på førehand.

Lofthusvegen 49, 5781 LOFTHUS
Ring: 988 18 456

atvkomp.jpg

Foto: Siv Dolmen

bottom of page