top of page
gruppebildekomp.jpg

Foto: Siv Dolmen

OM OSS

Lofthus sideri starta med produksjon av juice allereie tilbake i 2008, den gong med ei enkel hydro-presse og ein 25 L saft-kokar. Åra har gått og produksjonen har gradvis auka og i 2017 blei fyrste sideren sett. Lofthus sideri er fire barndomskameratar med kvar sin fruktgard som har vore i familiane i generasjonar, på gardane Eidnes og Lofthus. Sjølve sideriet ligg ved enden av Dronningstien på Lofthus. Saman driv me fire kameratane sideriet i tillegg til kvar vår fruktgard som produserer fyrsteklasses eple til konsum. Lofthus sideri nyttar ca. 30 prosent av den totale fruktproduksjonen til dei fire gardsbruka, der då 70 prosent går til pakkeriet Ullensvang fruktlager og vidare til Coop sine butikkar. 

 

Fruktfelta til Lofthus sideri har sju ulike sortar eple. Vistabella, Discovery, Summerred, Asfari, Gravenstein, Aroma og Elstar. Lofthus sideri produserer juice og sider frå einskilde sortar, og blandar ikkje ulike eplesortar. Me meiner at dei beste produkta vert skapt av å reidyrke kvalitetane til dei ulike eplesortane. 

 

Gardane Eidnes og Lofthus ligg solrikt til med dei aller beste teigane i distriktet. Kalkrik jord og med optimal helling mot sør/ vest, med maksimalt med soltimar. Med fokus på å ha dei aller beste råvarene, gjer dette det beste utgangspunktet for den fantastiske juicen og sideren som Lofthus sideri produserer. Alle epla vert hausta for hand rett frå trea, og handsama og lagra på beste vis før dei vert pressa til juice. Me er opptatt av at den aller beste føresetnaden for fyrsteklasses produkter, så må også råvarene vera fyrsteklasses. 

 

Kameratane Halldor-Elling, Halldor, Ivar og Åsmund vaks opp i lag på Lofthus og har alle overtatt familiegardane. Me har i tillegg til felles interesse innan frukt, juice og sider, ein felles lidenskap for fjellet og Hardangervidda. Som naboar på Lofthus er me også naboar på stølane inne på vidda med stølshus og fiskevatn. Der ferierer me med familiane både sommar og vinter, og driv me med fiske, reins- og elgjakt på hausten. Er det ikkje meir å seie om sider og frukt, vil alltid samtalen gli over til fjellet og Hardangervidda.​

Foto: Siv Dolmen

lunsjkomp.jpg

BLI BETRE KJEND MED OSS

ivarkomp.jpg

Foto: Siv Dolmen

Ivar Eidnes

Eigar og dagleg leiar
Ivar Eidnes, er trebarnsfar, og busett på andre sida av vegen frå Dronningstien. Overtok familiegarden i 2008, og var den som den gong sat kveld og natt med saftkokaren, og har i dag sjølve sideriet på garden. Ivar er arkitekt, og interessert i design, trener når han kan og er engasjert i tursti og idrettslag.  

halldorkomp.jpg

Foto: Siv Dolmen

Halldor Gjernes Lofthus

Eigar og bonde
Halldor Lofthus, har familie på tre, og er busett ved sida av Dronningstien, med ei ærverdig gamal stove på garden frå før svartedauden. Halldor tenkjer stort, er ein liten Petter-Smart, bygningsingeniør og over gjennomsnittet dyktig og engasjert fotograf. Spelar tuba mellom slaga.

hekomp.jpg

Foto: Siv Dolmen

Halldor Elling Eidnes

Eigar og bonde

Halldor Elling Eidnes er tobarnsfar. Han tok over familiegarden i 2008. I tillegg til å drive med frukt, juice og siderproduksjon, er Halldor særs musikalsk, spelar Hammond orgel og piano i band, er tidlegare lydmann og ein egasjert brannmann. Han arbeider som ambulansearbeidar når han ikkje sit og grev i sine mange gravemaskiner.​ 

åsmundkomp.jpg

Foto: Siv Dolmen

Åsmund Eidnes Nedrevåg

Eigar, bonde og økonomiansvarleg
Åsmund Eidnes Nedrevåg er siste tilskot i sideri-gjengen. Han er tobarnsfar og tok over familiegarden i 2018, er tømrar og entreprenør. Han er over gjennomsnittet interessert i jakt, når tida strekk til. Er den som har full kontroll på sideri-maskineriet og logistikken. Åsmund er engasjert og har alltid ei hjelpande hand.  

Lofthus C. 09.2025 r2-5.jpg

Foto: Alvaro Garcia

Ida Eidnes

Marknadsførings- og butikksjef
Ida Eidnes blei tilsett i Lofthus sideri i 2021 og held styr på det meste som gjeld marknadsføring, booking og siderbutikken. Er å finne på Lofthus frå mai til september, men held til i Bergen store delar av året og er Lofthus sideri sitt fjes utad på messer og konkurransar. Ida sit i styret i Hardanger Internasjonale siderfest og er marknadsførings- og butikksjef i sideriet.

​Saman lagar me juice og sider slik me likar han, med dei aller beste råvarene.

Lofthus sideri AS, Lofthusvegen 49, 5781 Lofthus, Norway   988 18 456  

  • Facebook
  • Instagram

© 2023 Lofthus sideri. All rights reserved.

bottom of page