
Juice av dei beste råvarene
Lofthus sideri produserer juice av ulike eplesortar. På lik linje med sideren vår så produserer me juice av reine eplesortar. Alle epla er henta frå trea, pressa og pasteurisert rett etter hausting. Me kan tilby juice av Vistabella, Discovery, Summerred, Gravenstein, Asfari, Aroma og Elstar. Eplesortar som er modne tidleg i sesong er ofte meir syrlege enn dei som kjem seinare. Desto seinare eplesortane kjem i sesong, desto meir «drue-sukker» inneheld epla, så juice laga av seine eplesortar er ofte søtare enn dei tidlege sortane.
Utval

Gravenstein
Fyldig og med ein god og balansert søtsmak. Den er lett syrleg med ein karakteristisk aroma som gjev ein god ettersmak.

Elstar
Søt og klar, og kan nesten karaktiriserast som «dessert»-juice.

Asfari
Eplet er sprøtt og saftig med ein fantastisk særeigen aroma. Som juice blir Asfari søt og tropisk, med hint av banansmak, med middels til lite syre.

Summerred
Nydeleg eplejuice, med ein god balanse mellom syre og sødme. Eit nydeleg eple som gjev ein fantastisk juice.

Nyhet
Til hausten kjem det eit nytt produkt hos Lofthus sideri. Berre å gle seg!

Discovery
Særs populær sort i Hardanger der eplet gjev ein fin og balansert juice. Med god sødme og middels syre.

Aroma
Veldig god på smak, og juicen blir mild, fin og balansert, og med ein nydeleg aroma.

0,7L flasker
Me har eit utval juice på større flasker.

2L bag
Familiestørrelse på juice med god haldbarheit.
