top of page

Sideren vår

Lofthus sideri lagar sider på reine eplesortar og har mål om å få fram reine og tydelige smakar som får fram det unike ved dei ulike eplesortane.

Når epla er pressa til juice vert sukker og gjær tilsett, prosessen er i gang. Sukker vert til alkohol, og smaken kjem fram. Prosessen skjer under kontrollerte tilhøve, der alkoholstyrken vert bestemt på førehand. Når sideren har fått rett balanse av syre, sødme og eple, vert prosessen stoppa og flaska.

Drøs

Sideren er ein god fylgjesven til drøs i godt lag. Drøs: Småprat/ samtale om laust og fast. Halvtørr/perlande eplesider. Sider laga av eplesorten Gravenstein. Gylden gul farge, frisk aroma med lett duft og mykje sødme, crisp eplesmak. Syrleg fundament som balanserer sødmen. Spanande kompleksitet. Behageleg karbonering med medium lang ettersmak. Passar til kraftig kjøttrettar, fyldig og smakfull mat.

Epletyper: Gravenstein
Alkoholprosent: 8 %
Syre g/l: 7,4
Sukker g/l: 24,8
Grad av musserande: Perlande

Drøs.jpg
Fjåg

Fjåg

Sider til god stemning. Fjåg: Lett og glad/ frisk og fyrig/ livleg. Tørr og perlande eplesider. Sider laga av eplesorten Discovery. Gylden, klar og brilliant utsjånad. Intens og god eplearoma. Tørr og fruktig smak. Syrleg, men godt balansert med litt sødme. Passar til aperitiff, skalldyr og sushi, samt lett fingermat.
 

Epletyper: Discovery
Alkoholprosent: 9 %
Syre g/l: 6,7
Sukker g/l: 8,2
Grad av musserande: Perlande

Gaum

Legg merke til ei ny verd av smakar. Gaum: merksemd/ sanse. Halvtørr og perlande eplesider. Sider laga av eplesorten Summerred. Klar og gylden utsjånad. Lett og frisk eplekarakter på smak og duft, med mykje frukt, balansert syrleg og fin struktur. Passar til aperetiff, kyllingrettar, sjømat og mat med friske smakar.

 

Epletyper: Summerred
Alkoholprosent: 8,5 %
Syre g/l: 8,5
Sukker g/l: 14,8
Grad av musserande: Perlande

Gaum-1.jpg
Kvelve

Kvelve

Sider laga av eplesorten Aroma. «Kvelve» er ein solrik teig på garden Eidnes med særs gode veksthøve for frukt som gjev grunnlaget for den smakfulle og tradisjonsrike sideren.

Tørr og perlande eplesider. Dette er den fyrste sideren produsert av Lofthus sideri og ein sider som er særs god attåt mat av ulike rettar.

  

Epletyper: Aroma
Alkoholprosent: 8%
Syre g/l: 5,2
Sukker g/l: 11 
Grad av musserande: Perlande

Rebell med humle

Ein sider i opprør, laga på fleire eplesortar og tilsett humle. «Rebell»: Opprørar/ motset seg reglar. Me kallar denne sideren ein rebell, sidan den bryt med alt Lofthus sideri står for; Å lage sider på reine eplesortar. I tillegg er den tilsett humle, som også er litt utanom det merkevara «Sider frå Hardanger» tillèt.

Me har alle ein liten Rebell i oss. Som ein ekte gatemix, ein bastard, er rebell ein frisk sider, spanande, med ein kompleks smak! Tek du utfordringa?

Sideren er laga av nokon av dei beste eple-sortane Hardanger har å by på. Sideren er halvtørr og lett perlande med ein strågul farge.

 

Epletype: Asfari, Aroma, Summerred, Gravenstein og Elstar
Alkoholprosent: 8 %
Syre g/l: 6,1
Sukker g/l: 15,0
Grad av musserande: Perlande

RebellNy1.jpg
LunNy8.jpg

Lun issider

«Lun» er issideren til Lofthus sideri, og noko av det mest spennande og fantastiske me har laga! Issider er eit heilt særeige produkt for Hardanger, ikkje berre på grunn av metoden den vert laga på, men også mykje på grunn av det spesielle klimaet epla vert dyrka i.

Issider lagar me ved at epla pressast og juicen vert fryst ned. Når juicen sakte tinar, byrjar me å renne ut ein konsentrert juice med særs mykje syre og sødme. Det er denne me tek vidare i fermenteringa. Me nyttar då mellom 15 og 20% av den opphavelege juicen til issider. Ved å bruke denne metoden kjem mykje meir av sødmen frå epla fram, samt at ein framhevar dei syrlege og fruktige kvalitetane til epla.

«Lun» er konsentrert og fyldig med mykje smak av friske eple, samstundes som den er rund og mild. Issideren er godt balansert mellom mykje sødme og høgt syreinnhald, med ein god og nydeleg ettersmak.

Passar for seg sjølv, i godt lag eller saman med ein god dessert.

  

Epletyper: Summerred
Alkoholprosent: 6,7%
Syre g/l: 24,5
Sukker g/l: 172 
Grad av musserande: Stille

Alkoholbruk kan føre til ulike skadevirkningar. Meir informasjon finn du her.
bottom of page