top of page
uobN-VxG.jpeg

Juice og sider
frå Hardanger

Lofthus sideri er fire nabobruk på Lofthus som freistar å laga god eplejuice og sider. Me er fire barndomskamerater med kvar vår fruktgard på Eidnes og Lofthus. Gardane har vert i familiane i generasjonar og sideriet vårt ligg i enden av Dronningstien.


I bratte skråningar dyrkar me epla våre, solrikt til vendt mot sørvest. Godt jordsmonn og gunstig klima med lange sommardagar, gjev dette epla den søte og syrlege smaken som er så viktig for ein god eplejuice, og ikkje minst, ein god sider.
epletregruppebildekomp.jpg

Foto: Siv Dolmen

Opningstider 2026

Takk for ein flott sesong!

Frå og med 30. september er den ordinære sesongen i sideriet over. Tusen takk til alle gjester som har vore innom oss i løpet av året – det set me stor pris på!

​

Sjølv om sideriet er sesongstengt, er det framleis mogleg å handle på ettermiddagen etter avtale. Ta gjerne kontakt med oss på førehand.

​

Dei sjølvbetente kjøleskapa med eplejuice er som alltid opne – så du kan framleis ta med deg ein smak av Hardanger heim.

Foto: Sondre Åsebø

Me tilbyr

Drop-in

I høgsesongen (juni–august) tilbyr me drop-in smaking måndag–laurdag mellom 10.oo-18.00

Gardsutsal

Sidersmaking

Frå 09-20(18) måndag til laurdag i høgsesongen. Utanom sesong ta kontakt.

Tlf: 988 18 456

Me tilbyr juice/sidersmaking for større grupper gjennom året. Ta kontakt på booking@sider.no.

siderikompjpg.jpg

Foto: Siv Dolmen

(Dette er ikkje ein nettbutikk, det er ikke mogleg å kjøpe sider utan ein tilsett til stades)

Lofthus sideri AS, Lofthusvegen 49, 5781 Lofthus, Norway   988 18 456  

  • Facebook
  • Instagram

© 2023 Lofthus sideri. All rights reserved.

bottom of page